Dennis er maskot i Fram Larvik-miljøet og brukar å vere med på kamp. Men på Høddvoll står DYR på lista over forbodne gjenstandar på tribunen, og eigarane Rune Holst Bloch og Monica Klingenberg var innstilte på å la hunden sitje i bilen under kampen.

Vikebladet/Vestposten fortalde historia fredag, dagen for sesongopninga på Høddvoll mot Fram Larvik:

Også lokalavisa i Larvik, Østlands-Posten, fanga opp saka og skreiv om Dennis på fredag.

Saman med Blåsarane

Driftssjef i Hødd, Per Arve Moldskred, sa til Vikebladet/Vestposten at lista over forbodne gjenstandar kjem frå Norges Fotballforbund. Men han opna for at Dennis likevel kunne bli å sjå inne på tribunen laurdag:

- Vi skal tenkje på det og sjå om vi finn ei løysing, sa Moldskred.

Og løysing vart det, for under kampen stod Dennis saman med eigarane sine på Blåsartribunen.  Iført Fram-drakt innetulla i eit varmt teppe såg han favorittlaget rane til seg eitt poeng frå Hødd.

Dennis (3,5) er maskot i Fram Larvik. Foto: Linda Eikrem
Rune Holst Bloch og Monica Klingenberg ved Høddvoll dagen før kampen. DYR står på lista over forbode gjenstandar på tribunen. Foto: Linda Eikrem
Østlands-Posten omtalte også saka Foto: Skjermdump