Ifølgje Hareid IL sin referent på "Siffen" har Hareid til gode å bli "spelt ut" etter dei første seks serierundene i årets 4. divisjon. Men poengfangsten har vore heller laber. Poenget på Skarbøvik stadion var den tredje éinpoengaren på fire kampar.

Det var eit sjansefattig oppgjer, men Hareid opna kampen med eit lite overtak. Det var derimot Skarbøvik som skulle opne sjansekontoen sin først i denne kampen. Det var i tillegg ein dobbeltsjanse. Først eit skot i stanga, før Kenneth Kjevik fekk ein enorm sjanse på returen. Diverre for han og SIF blei skotet blokkert til corner. På denne sjansen skulle det stått 1-0. Men, det var i staden Hareid som skulle finne vegen til mål først. Martinus Røyset Bakken skaut frå 18 meter, og ballen gjekk i mål nede i eine hjørnet, utakbart for keeper. Dette var i tillegg Bakken sitt femte mål på seks kampar i år. Han har scora fem av Hareid sine sju mål totalt.

Hareid hadde nok håpa på å halde på leiinga til pause, men det ville ikkje heimelaget ha noko av. Ut av bort i mot ingenting skulle nemleg SIF utlikne, i det omgangen var i ferd med å ebbe ut. Sondre Kjølsøy skaut frå rundt 30 meter, og kula gjekk i mål via stonga. Såleis stod det 1-1 til pause på "Siffen".

Andre halvdel av kampen var ikkje mykje å skrive heim om, med unntak av eit par gode framstøyt frå begge lag eit stykke ut i omgangen. Det enda med poengdeling mellom Skarbøvik og Hareid.

Neste fredag kjem Volda til Hareid stadion, nok ei tøff nøtt å knekke.

- Skal utvikle oss i lag

Hareid-trenar Kenneth Moldskred meiner det var ein heilt grei prestasjon mot Skarbøvik, men at det mentale arbeidet Hareid har lagt ned betaler seg.

- Det var ein OK start i første omgang, deretter relativt svakt mot pause. Andre omgang var betre i forhold til vilje, men vi har litt å gå på i forhold til mellom anna ballbehandling. Men at vi viser meir vilje er godt å sjå. Vi hever oss på vilje og struktur, seier Moldskred.

Han meiner det er to ting Hareid må jobbe for.

- Vi skal utvikle oss i lag og ha det moro på same tod, og så må vi nå målsettinga vår. Vi ønskjer å utvikle ein treningskultur medan vi utviklar oss som spelarar saman. Så håper vi på at det gir ofte nok og gode nok prestasjonar til å vinne fotballkampar. Der meiner eg vi har fått ein god start denne sesongen, seier han.

Hareid-trenaren gler seg til neste kamp, mot (noverande) serieleiar Volda, heime på Hareid.

- Det blir bra. Eg meiner det ikkje er noko lag i denne divisjonen som er frykteleg mykje betre enn dei andre. Men, vi møter eit rutintert lag som bør og vil kjempe i toppen. Vi har derimot ambisjonar om å vinne den kampen, seier Kenneth Moldskred til slutt.

Kampfakta

Skarbøvik - Hareid 1-1 (1-1)

Skarbøvik stadion

Dommar: Tove Marie Tandstad (Velledalen og Ringen FK)

Mål: 0-1 Martinus Røyset Bakken (32), 1-1 Sondre Kjølsøy (45)

Hareid (4-3-3): Sigve Overå Hide – Gustav Bjørlykke Kløvning, Håvard Mork Breivik, Simon Holstad Grimstad, Nauris Driksna (August Brandal 64) – Torgeir Skeide (K), Ruben-Kenneth Brandal, Sondre Hasund – Runar Stranden, Martinus Røyset Bakken, Håvard Øvrelid (Henrik Holstad 88)-

Innbyte: Rikard Osnes, August Brandal, Eiliv Tore Howlid, Ben Buntu, Fredrik Andresen, Zakarie Ushey, Henrik Holstad