Onsdag ettermiddag kom to bilar i kontakt med kvarandre ved Slettebakk-krysset lengst inne i Overåstranda på Hareid.

Ingen personar vart skadde i uhellet. Begge bilane hadde hatt relativt låg fart.

Dei to bilane kom frå Hjørungavåg i retning Hareid. Ved utgangen av svingen gjennom fjellhammaren like nord for Overåsanden starta den bakre bilen på ei forbikøyring. Men då bilane kom fram til Slettebakk-krysset svinga den fremste bilen opp til venstre mot Slettebakken og den gamle Hjørungavåg-vegen. Den forbikøyrande bilen vart då tvinga over mot grøfta og køyrde inn i autovernet og fekk ganske store skadar i venstre forpart.