Det er Sunnmørsposten som fortel historia til jenta.  Saka vart kjend som asylsaka, sidan gutane som vart melde var mindreårige asylsøkjarar.

Familien opplevde bygdesnakket, og til slutt blei det for tungt å bu i bygda. I fjor sommar flytta jenta til utlandet saman med mora og broren.

– Eg sat mykje heime og grein. Det var godt å kome seg bort, og det har hjelpt meg å flytte, seier ho til smp.no.

Kommunalsjef for oppvekst i Ulstein kommune, Gry Nordal, seier til avisa at ho ikkje kjenner til at det har vore ein rykteflaum i denne saka.

I eit lesarinnlegg i Sunnmørsposten fortel jenta også med eigne ord om tida etter at ho melde gutane til politiet.