Warholm fekk hendene fulle av startnummer, sidan han har bestemt seg for å vere med på både 400 meter og 400 meter hekk.

Ifølgje friidrett.no fekk støtteapparatet rundt dei norske utøvarane følgjande beskjed: - Ha ein plan klar for utøvarane, dei skal vite kva som skjer omtrent frå minutt til minutt kvar einaste dag.

Og her er køyreplanen for Karsten Warholm si deltaking i europameisterskapen:* Torsdag kl. 12.25: Heat 400 m* Fredag kl. 13.00: Heat 400 m hekk Kl. 17.20: Eventuelt semifinale 400 m* Lørdag kl. 16.20: Eventuelt semifinale 400 m hekk Kl. 18.40: Eventuelt finale 400 m* Søndag kl. 16.25: Eventuelt finale 400 m hekk