På bakeriet på Blåhuset i Ulsteinvik er dei fullt klar over kva dag det er i dag: kl 22.33 spring Karsten Warholm frå Dimna for best mogleg plassering i verdsmeisterskapen i London.

- Det er sjefen vår som har laga desse kakene, fortel butikksjef Lisbeth Notø og viser fram marsipankaker med skrifta Heia Warholm.

Notø skal sjå finalen i kveld og trur Warholm tek medalje. Faktisk trur ho han vinn heile finalen.

Ho er ikkje åleine om å ha trua på Karsten. Sjå video øvst i artikkelen!

Lisbeth Notø, butikksjef på Valaker Foto: Linda Eikrem