Legevakt er ein teneste som kommunane har ansvaret for heile døgnet, 365 dagar i året.

Den 1. mai 2015 kom det nye krav til legevaktene. Krav som det er umogleg å fylle etter dagens organisering av legevakta. Kommunane fekk frist på seg på tre år til å oppfylle dei nye krava. Dei sju kommunane på Søre Sunnmøre (Sjustjerna) sette ned ei prosjektgruppe som skulle greie ut organisering av legevakta.

Sidan 2009 har nattlegevakta vore lokalisert til Volda sjukehus, og det skal ho halde fram med å vere. Det er legevakttilbodet på kveldstid og helger som har vore diskutert.

Inger Lise Kaldhol (kommunelege i Ulstein) er prosjektleiar for utgreiinga «Framtidig legevakt på Søre Sunnmøre», og Jørn Kippersund (sjef for nattlegevakta) har vore rådgjevar.

Hovudstasjon og satellittstasjon

Det er greidd ut fleire modellar i rapporten, men det blir tilrådd at kommunane vel modell A. Det vil seie at det blir to legevaktsentralar i distriktet. Ein hovudstasjon i indre med to legar, og ein satellittstasjon i ytre med ein lege. I tillegg skal det vere eit hjelpepersonell per lege, gjerne sjukepleiar.

Hovudstasjonen i indre bør vere lokalisert same staden som nattlegevakta, det vil seie sjukehuset i Volda. Det blir foreslått at det blir bygt ein ny stasjon på 200 kvm til dette føremålet, knytt til sjukehuset.

Eigen køyrelege

Ein av dei to legane i Volda skal vere mobil, det vil seie at han/ho skal køyre på sjukebesøk i heile distriktet.

På eit seminar for pleie og omsorgssektoren kom det klar tilbakemeldinga om at dei ønskjer ein reelt mobil lege tilgjengeleg på legevakta. Difor er ein eige køyrelege eit sentralt element i tilrådinga frå Kaldhol og Kippersund. Dei meiner det utgjer ei viktig kvalitetsheving samanlikna med dagens ordning.

I dag er legane aleine på jobb når dei har vakt. I rapporten blir det stilt spørsmål om kor mobile dei reelt sett er om dei er opptatt med ein pasient, venterommet er fullt av ventande pasientar, og alarmen går.

Orienterer helsesektoren

Det blir felles møte med Sjustjerna helse og omsorg, rådmenn og ordførarar den 1. september. Der vil Kaldhol presentere rapporten, og ho ønskjer seg innspel til fleire moment.

I rapporten er det ikkje konkludert kvar legevakta på ytre bør liggje. For å stette kravet om at 90 prosent av innbyggjarane ikkje får lenger reiseveg enn 40 minutt, bør legevakta liggje i Myrvåg eller Ulsteinvik. Men det står i rapporten at det ikkje er faglege argument som skil desse to stadene, så det blir opp til politikarane kvar denne stasjonen skal liggje.

I rapporten er det heller ikkje konkludert med om ein bør danne eit interkommunalt selskap, eller om ein skal bruke vertskommunemodellen. Og kven skal då vere vertskommune?

Dei skal også drøfte økonomi.

Kostnader

Den nye legevaktordninga vil koste 23,44 millionar i nye årlege kostnader.

Om kommunane fordelar rekninga etter innbyggjartal blir det 4,4 millionar på Ulstein og 2,7 millionar på Hareid.

Fleire tilrår modell A

Det har vore to referansegrupper for prosjektet. Det er tillitsvalde legar og ei brukargruppe (med politikarar). Båe referansegruppene svarer at modell A er den beste modellen for pasientane.

I ei spørjegransking mellom legane kjem det fram at legane helst hadde vald modell B, der berre to legar går vakter, men det er for å sleppe å ha vakt så ofte. Dei svarer at dei trur modell A er det beste alternativet for pasientane.

– Blir dyrare kvar for seg

Inger Lise Kaldhol presiserer at ikkje noko er vedteke. Ho har kome med eit forslag til organisering av legevakta.

Om kommuneadministrasjonane og politikarane vil ha modell A, med ein hovudstasjon og ein satellittstasjon, må det gjennomførast ein ROS-analyse. Det må politiske vedtak i kvar kommune til før dei kan gå vidare med organiseringa og planlegginga.

Prosjektgruppa foreslår at det snarast mogleg etter vedtak blir tilsette in legevaktsjef og dagleg leiar i legevakta for vidare planlegging og oppstart.

I rapporten er det skissert at den nye organiseringa vil koste ein del meir enn dagens organisering, men Kaldhol seier til Vikebladet Vestposten at dei i dei 23,44 millionane ikkje er tatt med ein del inntekter. Og å halde fram med dagens struktur er uansett ikkje aktuelt. Om kvar kommune skal stette dei nye krava kvar for seg, vil det bli langt dyrare.

Komite for helse og omsorg i Herøy kommune er første kommunale instans til å sjå på saka. Dei skal ha møte 18. august. Tilrådinga er å ta rapporten til vitande.