Innspelinga av dramaserien "Heimebane" går sin gang. I dag er både kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen og dramasjef Ivar Køhn i NRK på synfaring til Ulsteinvik. I går kveld, onsdagskvelden, hadde dei middag med ordførar og kultursjefen i Ulstein kommune. I dag er dei rundt i Ulsteinvik og ser seg om, i tillegg til at dei får overvake noko av innspelinga.

- Dette er ein av dei aller største og viktigaste produksjonane NRK har i år, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til Vikebladet Vestposten.

Han synest det er flott at dei gjennom ein dramaserie får vist andre delar av landet, og produksjonsteamet skryt veldig til han av Ulsteinvik.

- Sjåarane av NRK har alt fått servert den største TV-augneblinken frå ein kar frå Ulsteinvik (og siktar til Karsten Warholm). Medan den augneblinken var på 50 sekund, kan dei gle seg til neste år då dei får sjå 50 minutt gonger 10 i denne dramaserien frå Ulsteinvik, seier Eriksen.

I tillegg til kringkastingssjefen og dramasjefen var også produsentane for serien og John Carew og Ane Dahl Torp og møtte pressa på Høddvoll stadion, eller Tangsrud Arena som banen heiter i serien. Men sjølv om fotballklubben skal heite Varg, og stadion heiter Tangsrud Arena, er dei klare på at Ulsteinvik er namnet.

Då Vikebladet Vestposten møtte dei i haust var dei uklare på om staden i serien skal heite Ulsteinvik, sjølv om serien blir spelt inn i Ulsteinvik.

- Då eg skreiv serien var det ein fiktiv liten by. Me var også innom og vurderte å bruke Sogndal. Men no som innspelinga er i Ulsteinvik, og me bruker så mykje av Ulsteinvik, kan det lik så godt heite Ulsteinvik, seier serieskapar Johan Fasting.