Parkeringsplassen til Hasund skule har mangla oppmerking i lang tid. Dette har ført til ein del farlege situasjonar, særleg når foreldre kjem køyrande og skal levere barn som skal på skulen om morgonen.

Eit eige køyrefelt

FAU ved skulen har tatt problemet opp med Ulstein kommune, og no til skulestart hadde kommunen tatt grep og merka opp nye parkeringsplassar. I tillegg til dei oppmerka parkeringsplassane er det laga til eit eige køyrefelt for foreldre som berre kjem for å setje av ungane sine.

Dei skal køyre til høgre for oppmerkinga, inn mot sjøen, og vidare mot skulen.

Det er laga til slik at bilane som står i dette feltet ikkje skal kunne køyre forbi kvarande. Dette er gjort nettopp for å hindre farlege situasjonar som kan oppstå når ein bil bak i rekka er ferdig med å sleppe av ungane sine, og vil prøve å køyre forbi når det er andre gåande lenger framme.

Kan parkere på parkeringsplass

Foreldre som ønskjer å følgje barnet sitt heilt til skuleområdet kan parkere på ein vanleg parkeringsplass.

Skilje gåande og køyrande

Ulstein kommune har også funne fram nokre steinblokker dei skal setje opp for å skilje dei gåande frå bilane. Diverre rakk dei ikkje å få steinblokkene på plass til skulestart, men det blir gjort neste veke.

Stor takk

Ansgar Aarland, leiar i FAU ved Hasund skule, vil rette ein stor takk til Vegard Ertesvåg i Ulstien kommune for godt samarbeid og at han har fått dette på plass til skulestart.

No håpar han at kommunen løyver litt pengar til lys, då det mørknar til utover hausten.

Desse steinblokkene skal setjast på plass for å skilje gåande og bilar. Foto: Vegard Ertesvåg, Ulstein kommune