Politiet melder på twitter at bilferja "Ullensvang" har hatt ein samanstøyt med den søre moloen på Hareid. Ferja ligg no i morgontimane ved søre ferjelem på Hareid. Trafikken går inntil vidare med Tidefjord og Høgsfjord frå nøre ferjelem.

Uhellet skal ha skjedd litt over klokka 06.00 ifredag morgon. Ingen skal vere skadde.

Politiet varslar at det truleg blir redusert kapasitet på sambandet Hareid-Sulesund i dag.

Etter dei opplysningane vi sit inne med skal svikt i styresystemet vere årsaka til samanstøyten.