Fjoråret var eit rekordår for reiselivsnæringa på Sunnmøre. Mykje tyder på at 2017 blir endå betre. Her cruiseskip ved kai i Geiranger. 
            (Foto: Kirsten Offerdal/NPK.)

Fjoråret var eit rekordår for reiselivsnæringa på Sunnmøre. Mykje tyder på at 2017 blir endå betre. Her cruiseskip ved kai i Geiranger. Foto: Kirsten Offerdal/NPK.

Lovande for reiselivet på Sunnmøre

Tilstrøyminga av turistar til Sunnmøre kan dette året gå mot ny rekord. Utsiktene for neste år er også positive.

(NPK): – Det endelege talet er ikkje på bordet enno, men 2017 kan blir eit år som er minst like bra som rekordåret i fjor, seier Tom Anker Skrede i reiselivsselskapet Visit Ålesund & Sunnmøre til nettavisa nett.no.

Utsiktene for 2018 er også lovande. Reiselivsbedriftene i landsdelen har både fått inn fleire og tidlegare bestillingar enn på same tid i fjor.

Skrede meiner svak kronekurs, ein generell auke i reiselivet globalt og langsiktig marknadsføring er medverkande årsaker til at fleire utlendingar vel å feriera i Noreg. Sjølv har han nyleg vore i Kina for å marknadsføra Nord-Vestlandet blant reiselystne kinesarar.

– Det er eit langsiktig arbeid, seier Skrede, men allereie neste år håpar han fleire kinesarar tek turen til Sunnmøre.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Fekk du med deg desse?

Emilie (9) og mamma Stine Fjørtoft Holta fekk prøve:

Lefsebaking er ikkje for pyser

Stod fram som bifil i lesarinnlegg

- Verda går heldigvis framover

Kleven-styreleiaren om ny konsernsjef:

- Mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre