Treng vedlikehald

Det vert redusert kapasitet på ferjesambandet Hareid-Sulesund frå og med fredag 2. februar.

Tidefjord  Foto: Arkiv

New Articles

Ifølgje reiarlaget Norled er årsaka at A-ferja, Tidefjord, treng vedlikehald.

C-ferja Høgsfjord går difor inn i B-ruta, men har plass til færre bilar enn Tidefjord.

Høgsfjord har plass til 76 bilar, Tidefjord er ei 120-bilars ferje.

Det kjem altså til å gå berre to ferjer i sambandet. C-ruta er innstilt.