Kasia (38) er fødd og oppvaksen i Polen, men no busett med mann og tre barn i Hjørungavåg.

Ho utdanna seg innan negledesign i Polen, men la det på hylla då ho og mannen flytta til Norge for 10 år sidan. Mykje av grunnane til det var utfordringar med språket.

– Medan eg gjekk gravid med første jenta mi, byrja eg på økonomi- og norskkurs. Då siste dottera mi var fødd, bestemte eg meg for at eg var klar for yrkeslivet. Eg var tryggare på det norske språket og kjende meg psykisk klar for arbeidslivet.

Kjentes ikkje rett

Men sjølv om Kasia vart tilboden mange stillingar i lokalmiljøet, kjentes det ikkje heilt rett.

– Det var noko som mangla for at eg skulle ta steget ut i arbeidslivet. Venane mine foreslo at eg burde ta til med negleyrket att, og starte eiga bedrift. Eg var veldig skeptisk og hugsa at eg sa «nei eg trur ikkje det og korleis skal eg få det til?». Men etter mykje om og men fekk mine næraste meg til å prøve det ut, fortel ho.

Ho visste at det var i Ulsteinvik ho ville halde til og understrekar at det å ligge i midten men samstundes eit stykke vekk frå Ålesund, gjer at konkurransen vert mindre og det vert lettare å skaffe kundar. Etter å ha leita lenge etter rett lokale tok ho mot til seg og spurte om å få leige på Amfi. Og det fekk ho.

Beautykurs

Kort tid etter opninga av bedrifta byrja telefonen å kime dagleg.

– Eg hadde aldri drøymt om ein slik respons. Nervøsiteten hang laust fyste veka – ville dette gå bra og kom eg til å klare å stå på egne bein i marknaden? Men det har gått som ein draum.

Til sommaren skal Kasia på beautykurs i Polen. Og det er ikkje ho som tek initiativ, det er kundane.

– Dei oppsøkjer meg og spør om alt frå vippeforlenging til form av augebryn. Og eg har tenkt å møte ønska deira ved å utvide bedrifta mi til meir enn berre negledesign. Det er dette eg er fødd til å drive med, avsluttar ho.