I ei pressemelding frå Hareid sokn skriv kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog at dei jobbar med saka, og at det er Hareid kyrkjelege fellesråd som skal gjere endeleg vedtak.

Ho meiner at eit fleirbrukshus vil vere ideelt for mange av aktivitetane i soknet. Bedehuset ligg i Kjøpmannsgata, ikkje så langt frå kyrkja.

- Soknet har eit omfattande tilbod for barn og unge som femnar alle årstrinn frå 0-18 år. Delar av dette arbeidet kan med fordel flyttast til eit meir egna lokale i mange samanheng, til dømes bedehuset. Det er utfordrande å utvikle aktivitetar og nye tiltak i kyrkja, men i eit eventuelt kyrkjelydshus vil ein kunne samle fleire av tiltaka under same tak og kanskje utvide og invitere til nye tiltak, skriv Pilskog.

Ho trur eit slikt fleirbrukshus vil vere ein møteplass for alle, som kan bidra til å skape eit meir levande Hareid sentrum.

I pressemeldinga heiter det også at ein føresetnad for å overta bedehuset, er at det vert bygt ei kontorfløy. I dag leiger Hareid sokn kontor på Rådhusplassen.

Hareid sokn jobbar med å få eit kostnadsoverslag og ei oversikt om ei overtaking vil vere realistisk å gjennomføre i høve reguleringar, bruk, drift og finansiering. Det er Hareid kyrkjelege fellesråd som vil gjere endeleg vedtak om ei eventuell overtaking av Hareid bedehus.

Hareid bedehus Foto: Hareid sokn