Svein Elde (65) frå Ulsteinvik er tatt opp i velgjerdsorganisasjonen Team Rynkeby, God Morgon, og skal til sommaren sykle Oslo – Paris på fylkeslaget Hedemark / Oppland. Laget syklar for å promotere sponsorer som gir økonomisk støtte til forsking på alvorlege barnesjukdomar.

– I Norge gjeld det Barnekreftforeininga. Som eitt av fleire lokale innsamlingstiltak til organisasjonen, har eg vore heldig å få Ulstein skule til å arrangere skuleløpet “Barn løper for barn”, fortel Svein Elde til Vikebladet Vestposten.

Løpet gjekk føre seg rundt om i bygda på Skeide, med start og mål ved Ulstein skule. Før løpet fekk elevane lov til å inngå mikrosponsoravtalar med familie, vener og lokalt næringsliv. Sponsorane oppfordrast til å gje eit beskjedent beløp per omgang eller kilometer den enkelte elev legg bak seg i forbindelse med skuleløpet.

– “Barn løper for barn” styrker – med dette miljøtiltaket – medfølinga for barn som vert råka av sjukdomen, ytrar Elde.