Men det er berre om kommunane leverer gode nok søknader. For nesten 150 millionar kroner er sett av i Statsbudsjettet for å støtte breibandsutbygging i 2018. Pengane skal brukast til å få bygd ut eit grunnleggande breibandstilbod i område der kommersielle aktørar ikkje finn det lønsamt utan offentleg støtte. Søknadfristen er sett til 15. mai.

Behovet er stort for dette i Møre og Romsdal, og potten kommunane kan søkje frå er difor på heile 17 millionar kroner i 2018.

Må levere gode søknader

Men ordninga stiller også krav til kommunane. Samferdselsdepartementet har stilt ei rekkje krav, og dersom dei ikkje blir oppfylt vil delar av Møre og Romsdal sin pott i staden bli omfordelt til andre fylke.

– I motsett fall kan Møre og Romsdal få meir enn sin del, dersom vi får synleggjort at behovet er ekstra stort, og søknadane herifrå er gode, fortel seskjonsleiar Eivind Vartdal Ryste.

Fylkeskommunen, som vil bistå med rettleiing i søknadsprosessen, oppmodar kommunar med behov for breibandsutbygging om å prioritere dette arbeidet i tida fram mot søknadsfristen 15. mai.