For ei tid tilbake miste eg far min i ei trafikkulukke på Eika ved Eiksund. Etter ei slik ulukke er det mange spørsmål ein som pårørande grublar over. Var det noko som kunne vore gjort slik at han vart redda? Hadde han smerter? Var han våken? Alle slike små detaljar kan fort kverne rundt i hovudet.

Det er dei fleste sjåførar si store skrekk å vere først til ei ulukke. Kva skal ein gjere då?

Dei fleste har nok mest lyst til å trakke på gassen og kome seg vekk. Sleppe grufulle syn og utfordringar på seg sjølv som menneske.

Heldigvis finnes det menneske som reagerar raskt når dei utan forvarsel står i ein slik situasjon.

Min far fekk hjelp. All hjelp han kunne ha fått. For oss som pårørande er det ei stor trøst. Vi har fått svar. Og det er takka vere 3 personar som ikkje tenkte på seg sjølv, men som utan å nøle greip inn for å hjelpe. Desse usynlege heltane vil eg heidra!

Mange av oss ville nølt, sparka litt i snøen, venta til einkvan annan tok ansvar.

Ikkje gjer det om du kjem i ein slik situasjon. Kanskje kan ein ikkje hjelpe. Kanskje er det for seint. Men uansett, for dei pårørande, er det ei stor lette å få vite korleis dei siste augeblikka til den forulukka var.

Eg sender varme tankar og ei stor takk til mine usynlege heltar. Lat oss alle ha som mål at også vi skal ha dette potensialet i oss.

Lat oss også ha som mål at vi ikkje skal vere blant dei som sit i ein varm bil på ein ulukkesstad og sutrar over at ein ikkje har kaffe eller mobilladar med og at politiet brukar for lang tid på oppryddingsarbeidet. Også desse vil nok gjerne nyte godt av resultatet av politiet sitt arbeid for trafikksikring.

Helén Bigseth Einertsen