Sist laurdag kom 104 nye elevar til Sunnmøre folkehøgskule (SUFH) for å starte eit skuleår. Med elevane som skal gå på internasjonal linje og startar over nyttår får skulen 131 elevar. Det er det nest høgaste elevtalet skulen har hatt. I 2010 hadde skulen totalt 140 elevar.

– Det er veldig gledeleg at vi har så mange elevar dette skuleåret, seier Arnt Ole Grimstad, SUFH-rektor sidan 2010.

Ti linjer

Ti ordinære lærarar jobbar ved skulen i år. I tillegg kjem administrasjon og kjøkenpersonell. Elevane ved SUFH kan velje mellom ei rekkje forskjellige linjer. Dans står ikkje programmet i år, men kjem truleg tilbake seinare. Linjene i år er:

* Musikk +.

* Butrening og aktivitet.

* Sjø. Snø. Surf.

* Idrett. Ballspel.

* Multisport. Sør-Afrika.

* Golf. Idrett. Sør-Afrika.

* Digital musikk.

* Global safari.

* Leiartrening.

* Internasjonal linje.

Kubebygg

Utsida av SUFH mot vest og sør ser i dag ut som ein byggeplass. Det betyr at det er oppgraderingar i venta.

– Det blir eit nytt kubebygg der glasfasaden var tidlegare, men som «Dagmar» kom og tok. I kjellaren kjem ei ny musikkavdeling der bassenget var tidlegare. I midtetasjen får vi eit nytt stort og lyst kapell. På toppen får vi eit klasserom der vi også kan ha undervisning som då blir mykje større enn Ulstein-suiten var, sidan flata er omtrent dobbelt så stor, seier Arnt Ole Grimstad medan han tek oss med på ei omvising på utsida av skulen.

Planen er at det nye kubegygget skal stå klart i løpet av januar 2015. Også på utsida av den eksisterande bygget skjer det endringar. «Sandwichelement» gjer at buareala til elevane blir større enn dei har vore. Elementa skjermar også mot ver og vind. SUFH fyller 106 år i år. Skulen vart starta som Sunnmøre ungdomsskule i 1908. Arnt Ole Grimstad har vore rektor sidan 2008. I sommar har skulen fått ny inspektør i Øystein Vegge, som jobba ved Ulstein vidaregåande skule i fjor og tidlegare har arbeidd ved andre folkehøgskular.

Slik blir nye SUFH: I 2015 skal etter planen SUFH sjå slik ut. Til høgre ser vi eit kubebygg som no er under bygging. Der skal det bli plass til både musikkavdeling, kapell og undervisningsrom.