Frå sigeren mot Ranheim 11. september 2011 har dei to laga spelt fem kampar mot kvarandre, Det har resultert i to uavgjort og tre tap. Ein må lenger tilbake skal ein finne sist gong Hødd vann mot Ranheim på Høddvoll. Det var i 2007, då Hødd rykka opp frå 2. divisjon. Den gongen blei det 3-2 til Hødd etter mål frå Anders Vaagen, Oddmund Vaagsholm og Andrè Nevstad.

Hødd er ikkje lenger i faresona i forhold til nedrykk, men blir nok middelhavsfarar til sesongslutt, då det berre i teorien finnast håp for playoff-plass. Så spørs det om Hødd kan knekke Ranheim-koden, og gi publikum på Høddvoll ein god nest siste kamp på pensjonerte Høddvoll gras.

Følg med på vikebladet.no i ettermiddag, då vi dekker kampen live frå Høddvoll.