Den nye sendaren vart sett i prøvedrift frå 16. september i år. Sendaren sikrar god DAB-mottaking av kanalar som P4, P5 Hits, P6 Rock, P7 Klem, NRJ og Radio Norge. I tillegg får ein inn kanalar som NRK P13, NRK Super, NRK Sport og mange fleire.

Riksdekkjande

DAB-netta er no riksdekkjande, men det blir framleis arbeidd med å betre dekninga i nokre område. Ny sendar kjem i tillegg til hovudsendarane i det etablerte DAB-nettet.

Slår av FM-nettet

Nye DAB-nett skal overta for dagens FM-nett som er planlagt sløkt i 2017, seinast i 2019. Endeleg tidspunkt for sløkking skal regjeringa bestemme neste år (2015).

Overgangen til digital radiokringkasting er ei stor omlegging. Det vil i tida fram mot FM-sløkking bli gjort fortløpande vurderingar og justeringar av DAB-netta.

Mari Hagerup, kommunikasjonssjef Digitalradio Norge, fortel at det blir DAB i alle tunnelar med FM-mottak, samt i alle nye tunnelar over 500 meter. DAB i tunnel blir bygt ut no fram til dei slår av FM-nettet.