TV-aksjonen var eigentleg ferdig søndag kveld, og det offisielle talet etter årets innsamling var på 239 millionar kroner. Men, det er også mogleg å gi til aksjonen sjølv etter den er ferdig offisielt.

- Ja, vi fekk vite av Kirkens Nødhjelp at det var heilt greit, seier kontaklærar for klasse 4 C ved Ulsteinvik barneskule, Ranja Dimmen Alme.

Ho seier ho er veldig stolt over elevane, som har vore så flinke å finne og pante flasker til inntekt for ei så god sak.

- Dei har verkeleg stått på. Vi var i banken seinare same dag, og kunne lukkeleg konstatere at vi hadde samla inn 4.460 kroner, noko som er kjempebra, seier Alme.

Mange sekkar med flasker

Elevane kom inn inngangen til Blåhuset og marsjerte på rad og rekke bort til panteautomaten til Coop Mega. Sjølv om det tok litt tid, fortel elevane at det heilt klart var verdt det. Amanda Rud Gardshol og Thea Sporstøl Toftesund hadde samla inn høvesvis seks og fire sekkar med tomgods.

- Vi gjer dette fordi det nyttar. No håper vi berre at alle som treng vatn, får det, seier Amanda.

Klassevenninna Thea er heilt einig i det.

- Vi såg begge på TV-aksjonen i helga, og håper at det vi gjer kan bidra til at born i andre land får det betre.

- Veldig imponert

Kontaktlæraren fortel at elevane har miljøveke denne veka. Ei veke der elevane skal tenkje på kvarandre men også sjå utover og tenkje på andre.

- Vi nytta sist veke til å snakke om TV-aksjonen, og landa som fekk hjelp som føgje av innsamlinga. Eg er veldig imponert over kunnskapen borna har tatt til seg, og at dei har lagt slik innsats i dette, seier Ranja Dimmen Alme til slutt.