I eit brev ført i pennen av Arnfinn Ingjerd skriv næringslivstoppar på Ytre Søre Sunnmøre at noko må ha gått gale i prosessen når dei kan ende opp med ferja MS "Ullensvang" i ferjesambandet Hareid-Sulesund.

- Det er heilt uakseptabelt og uansvarleg at ei gammal og upraktisk ferje skal bremse næringslivet og all anna aktivitet på Søre Sunnmøre, heiter det mellom anna i brevet.

Næringslivstoppane meiner det er openbart at staten har løyvd for lite pengar då dei overførte ansvaret for riksvegane og ferje til fylket. Dei meiner også at anbodskriteria frå fylket har vore uklare eller for "snille", når det i det heile tatt kan vere aktuelt å sette inn ei 28 år gammal ferje med to dekk.

- Feilvurdering av Statens vegvesen

- Statens vegvesen må ha gjort ei feilvurdering når dei har godkjent MS "Ullensvang" for trafikk  i dette sambandet, og Norled må bry seg lite om omdømmet og kundane sine i regionen, er ei av kraftsalvene frå næringslivstoppane.

Dei viser til at "Ullensvang" ikkje var i stand til å halde rutetidene i testperioden i mai, medan veret var fint og havet flatt.

- Det har vore ein kraftig trafikkauke dei siste månadene. Statistikken viser at 74346 bilar (+ 5,7%) tok ferje i september. Nesten 4000 av desse var trailarar over 17 meter. (+ 17,4%). Denne trafikkveksten har ført til ein kraftig auke i talet på bilar som må stå att på kaia og vente ein halvtime. 1646 bilar måtte stå att i september, dette er fire gongar så mange som for berre to år sidan.

Næringslivstoppane peikar på at dersom "Ullensvang" blir sett inn i sambandet Hareid-Sulesund, få det få svært store negative konsekvensar for økonomi og samfunn i regionen.

- Overdrive

Men regionssjef  ferje i Norled, Inge Andre Utåker, er altså ikkje heilt samd i problemstillinga.

I eit svar til Arnfinn Ingjerd har Utåker to kommentarar:

- For det første trur eg du overdriv problema med MF "Ullensvang". For det andre vil eg gjere merksam på det faktum at Norled har tatt initiativ overfor både Vegdirektoratet og Vevesenet for å kunne sette "Ullensvang" på eit samband med mindre belastning (Lavik-Oppedal). Dette er avvist av SVV region Vest med henvisning til kontrakten, svarer Utåker.

- Ved vegs ende

Han peikar på at Norled er ved vegs ende i spørsmålet om kvar "Ullensvang" skal disponerast.

- Fokuset vårt no er på å sikre god drift av fartøyet.