Ulstein kommune, ved ordførar, har motteke eit brev frå statsministeren med oppmoding om å ta initiativ til dialogmøte i kommunen. Tema for møtet skal vere aukande radikalisering av ungdom i Noreg og eit aukande tal på ungdom som dreg til dømes til Syria som framandkrigar.

Sånn ulsteinordførar Jan Berset har forstått det blir oppmodinga hovudsakleg sendt til dei større byane, men truleg har alle kommunane i landet motteke denne bekymringsmeldinga frå statsministeren.

I juni i år la regjeringa fram ein handlingsplan mot radikalisering av valdeleg ekstremisme som inneheld 30 konkrete tiltak.

For små

- Slik eg ser det blir den einskilde kommune i vår region for lita til å ta tak i desse utfordringane, skriv Jan Berset.

Han sender difor eit brev til Arnulf Goksøyr, ordførar i Herøy kommune, og til lensmann Odd Kulø.

Ulsteinordføraren gjer framlegg om at dette kan vere ei aktuelt tema på neste møte i felles politiråd. I samråd med politiet kan dei finne ut om det i regionen vår er grunnlag for å setje i verk konkrete tiltak, og i fellesskap vurdere kva for tiltak som er mest aktuelle.