Fleire vakna i natt/dag tidleg av torden og brak. I sekstida regna, tordna og lyna det godt over Hareidlandet.

I skrivande stund har regnet roa seg, men yr.no melder at det vil kome meir regn i dag. Det vil regne i føremiddag, så roar det seg litt midt på dag, før det startar på att i ettermiddag.

Det er ikkje lenger meldt OBS-varsel for Møre og Romsdal. NVE si flaumvarselteneste varslar framleis stor vasføring i mange vassdrag på Vestlandet. Men faren for flaum og jordskred har no gått ned til grønt nivå (1). Det skal no vere generelt trygge forhold.

Gode råd ved flaumfare

1. Hald deg unna elver/bekkar med stor vassføring.

2. Sørg for at avløp og kummar er opne slik at vatnet har fritt leide.

3. Sjå til at nærliggjande bekkar ikkje er demma opp av hageavfall eller andre gjenstander.

4. Fjern store kvistar og gjenstander som kan hindre fri vassførsel. Flytt dei til ein stad der dei ikkje kan bli tekne av vatnet.

5. Rydd hagen for møblar, lause materiale, grill og gjenstander som kan bli teke av flaumvatnet.

6. Er det fare for at vatn kan kome inn i kjellar eller garasje, bør gjenstander løftast opp frå golvet. Sett ting i hyller, reolar og plastboksar.

7. Fjern lause teppar og anna laust golvbelegg.