Kundesenteret til Tussa har hatt stor pågang i heile dag av kundar som har fått øydelagt modemet/heimesentral av lyn og tore.

Dei oppmodar kundane som har fått utstyret sitt øydelagt til å ta kontakt med dei, så ordnar dei med nytt modem.

Ved torevêr er det ein god regel å trekkje ut støypselet på elektrisk utstyr som ikkje treng å stå på. Dette gjeld også for modem/heimesentral, skriv Tussa på Facebook.