Stadig fleire av oss nordmenn handlar julegåvene vi gir på verdsveven. Det er i ei undersøking gjort at TNS Gallup for Danske Bank at barnefamiliane blir "avslørt".

- Fleire og fleire barnefamiliar innser at det å springe heseblesande rundt på kjøpesentra med ungane på slep, ikkje er oppskrifta på god julestemning. Det er ikkje overraskande at barnefamiliar vel å handle julegåver på nett, fortel banksjefen i Danske Bank Ulsteinvik, Andre Skotheim.

Undersøkinga viser at så mange som 55 prosent av familiar med tre barn eller fleire kjem til å handle julegåver på nett i år. Til samanlikning vil berre 27 prosent av dei utan barn gjere det same. Banksjefen meiner det kan vere mykje å spare på netthandelen.

- Spesielt dersom du gjer litt søk for å finne best pris. Barnefamiliar har oftare eit strammare budsjett og undersøkinga viser at desto fleire barn ein har, desto større sannsynligheit er det for at du handlar julegåvene online.

Menn mest hyppe på netthandelen

I undersøkinga kjem det også fram at det er menn som er mest hyppe på å handle julegåver på nett. Faktisk så mange som 36 prosent av mennene, mot 30 prosent av kvinnene. Landsgjennomsnittet blir naturlegvis då 33 prosent.

- Det er framleis menn som er mest ivrige, også i jula. Men det er interessant å sjå at forskjellane mellom menn og kvinner ikkje er så stor som den ein gong var, seier Andre Skotheim.