Spenninga var stor i glasbygget på Hadartun i kveld då Frivilligprisen 2014 skulle delast ut. Hareid blandakor var kalla inn for å synge, og blant det godt vaksne publikummet var det også ein god del barn. Kanskje gav det ein del av dei frammøtte ein peikepinn om  kven som skulle få prisen.

Og ganske rett, etter at leiar Heidi Kvalsvik ved Hareid frivilligsentral hadde ønska folket velkomne, var det ordiørar Anders Riise som fekk ordet for å introdusere prisvinnaren.

- Årets prisvinnar har vore ein trufast støttespelar i det frivillige arbeidet i Hareid kommune i over 40 år, og er framleis aktiv. Prisvinnaren har stått i frivillig teneste for Hjørungavåg søndagsskule i over ein mannsalder. Med sitt rolege vesen har ho vore til inspirasjon for mange born, gjennom sin fine måte å formidle søndagsskulestoffet på, sa ordførar Anders Riise.

Då var det mange som forstod at Jorunn Strande vart årets prisvinnar.

Ordføraren karakteriserte Strande som stillfaren, og ikkje blant dei som higar etter å vere på framsida i media.

Ei gruppe frå Hjørungavåg søndagsskule kom fram for å synge for læraren sin, og dei sjarmerte alle.

Meir i papir torsdag.