Bjørnar Hovlid er fødd og oppvaksen på Hareid. Men har bak seg ein del år utanbygds.

Då Hovlid vart uteksaminert som lege frå Bergen i 2005, drog han til Hammerfest der han var lege eit år. Deretter gjekk ferda til Tana i Aust-Finnmark. Etter eit halvår der, var han eit år vernepliktig lege i Setermoen, før han flytta til Bergen igjen.

Gjekk på Grieg Akademiet

Etter nokre år som lege nordpå, kjende Hovlid for å ta ut den musikalske sida av seg, og byrja studere musikk på Grieg Akademiet. Medan han tok profesjonsutdanning som kantor, arbeidde han meir eller mindre på heiltid som fastlege på Håkonsvern. Dei to åra han studerte musikk, fekk han og kona også to born, så Hovlid skjøna etter kvart at han måtte avslutte musikkutdanninga, og konsentrere seg om legeyrket. Då byrja han også ta vakter på legevakta i Bergen, ved sidan av fastlegejobben på Håkonsvern.

Flytta tilbake til Sunnmøre

I august 2012 byrja han som fastlege i Herøy. Og 1. september skulle han byrje som lege i Ulstein, men på grunn av at ombygginga av legesenteret drog ut i tid, fekk han ikkje teke til i jobben som lege her før 1. november i år.

Bjørnar Hovlid er utdanna allmennlege og er under spesialisering i allmennmedisin.

Han treivst godt som lege i Herøy, men er glad for å ha fått jobb på legesenteret i Ulsteinvik. Det er mest praktisk når han bur i Ulsteinvik. Kona hans er også lege, og i haust fekk paret sitt tredje born, så då er det greitt å ha kort veg til jobb.

– Her er det heilt topp kollegaer og fine lokale, seier Hovlid nøgd.

Plass på lista

Sidan Bjørnar Hovlid er så fersk lege i Ulstein kommune, har han god plass til fleire pasientar på fastlegelista si. Han har teke med seg nokre pasientar frå tida si i Herøy, i tillegg til å ha fått nokre nyinnflytta på lista si. Han har om lag 370 pasientar på lista si, så her er plass til fleire. Også andre legar på Ulstein legesenter har for tida ledig kapasitet på listene sine.

Bjørnar Hovlid har fått kontor i den nyoppretta førsteetasjen på Ulstein legesenter. Her held også lege Ingvill Kolshus Hopland til.

– Alt er nytt og fint, strålar Hovlid.