Ved Comfort i Saunesmarka har det kome opp ei vindmølle. Vikebladet Vestposten skreiv om næringsbygget medan det var under bygging. På nyåret var huset med solcellepanel og vindmølle ferdig, med det utstyret blir dei sjølvforsynte med straum. Og dei ser heller ikkje vekk ifrå at dei også kan selje straum.

Då dei bygde huset tenkte dei ikkje berre på korleis dei kunne skaffe straum, dei har også tenkt på korleis dei kan spare straum. Då var isolasjon, ventilasjon og gode vindauge stikkord.

På taket er det solcellepanel og dei har fått ei fjorten meter høg vindmølle.

Comfort i Ulsteinvik er det første næringsbygget i Noreg som nyttar denne kombinasjonen med vind, sol og ledlys.

Og det var den første vindmølla Ulstein kommune har godkjent oppført i kommunen. Kanskje det no er fleire som lar seg freiste?