I følgje yr.no vil det blåse opp utover kvelden. Ute no bles det frisk bris i Ulsteinvik, men seint i kveld vil vinden ta seg opp til liten kuling. Det vil også regne ein del seint i kveld/natt. Men vinden roar seg utover natta, og når dei fleste står opp i morgon tidleg har vinden roa seg til laber bris.

På Flø er det alt liten kuling, men også der roar vinden seg utover natta.

Frisk flygetur

På Vigra bles det opp til stiv kuling  i ettermiddag. Der vil det blåse godt heile kvelden, gjennom natta og til og med måndag føremiddag.

På Ørsta/Volda lufthamn er det ikkje meldt like mykje vind. Sundag ettermiddag/kveld er der meldt laber bris. Måndag morgon er det meldt lett bris/svak vind.