Norges første statsansatte paddebærer! Fryktar kjempepadde! Rekordoppmøte på paddesafari! Det har ikkje mangla på store avisoverskrifter etter at to menn frå Volda bestemte seg for å redde dei lokale paddene.

Ved Lisjevatnet i Austefjorden på Sunnmøre bygger vegvesenet ny europaveg og det rett igjennom leveområdet til Norden sin største paddebestand. Oddvar Olsen og Gunnar Wangen tek rolla som paddene sin advokat, og endar opp med å setje eit heilt lokalsamfunn på hovudet.

- Planen var å lage ei kort reportasje, fortel regissør Are Pilskog. Han har i heile 4 år ligge langflat i ei veggrøft og filma. Ingen hadde forutsett at paddene skulle bli rikskjendisar.

7 Paddetunellar

Det er ikkje berre berre å kjempe paddene si sak. Folk flest ser nok på dei små vesena som lite tiltalande og vegvesenet hadde ingen planar om å legge seg paddeflat.

Men Oddvar og Gunnar nekta å gi opp, og etter nærmare 25 års kamp fekk dei til slutt med seg Statens vegvesen på å byggje heile 7 tunnellar for paddene under europavegen. Eit unikt prosjekt som kosta over 1 million kroner.

Men er det realistisk at paddene vil buke tunellane? Noko skal vise seg å vere fullstendig gale.

Paddeskulptur

Ein lokal banksjef ser etterkvart turistpotensialet i paddene og gir pengar til informasjonskilt, ein paddeapp og ei 2,5 meter høg paddestatue.

Men kor skal den enorme skulpturen stå? Og er lokalbefolkninga i det heile interessert i å bli kjent som paddebygda?

- Vi menneska har nok ein tendens til å favorisere dyr som er tiltalande eller har stor openbar nytteverdi for oss, påpeikar filmskaparen. I filmen ”Kunsten å leggje seg paddeflat” stiller han spørsmålet om også små, grå padder kan vere verdt å ta vare på.