Laurdag tok Hødd-damene imot Langevåg 2 i den nye Ulsteinhallen. Langevåg 2 hadde før oppgjeret to poeng meir enn Hødd, og ein kamp til gode, men på motsatt banehalvdel sto eit Hødd-lag i form.

Jamnt innleiingsvis

Kampen starta jamnt og det blei scora få mål i åpningsminutta. Etter 10 minutt var stillinga 5-5. Omgangen var prega av to lag som sleit med uteljinga og kampen bølgja mykje.

Begge lag hadde i korte perioder leiinga i kampen, men ingen av dei greidde å feste grepet. Etter å ha fulgt kvarandre i heile første omgang var stillinga 11-10 til heimelaget, som sneik inn ei scoring rett før pausesignalet.

Nerve i kampen

Andre omgang starta nett slik den første endte. Laga følgde kvarandre tett, og ingen av laga var i stand til å få eit særleg overtak på motparten. Nerven i kampen var absolutt til stades. Det høge spenningsnivået på banen prega fleire, og det blei gjort ein del feil av begge lag.

Kanskje den som opplevde nerven størst var Hødd-trenar Tim-Ole Bøhn, som nok var heldig når han etter ein disputt med dommarteamet kun fikk gult kort. Det kunne fort ha blitt ein to-minuttar som ville ha prega det som skjedde på banen.

Istadenfor vart det ein to-minuttarar på Langevåg som måtte gi Hødd ein tre-målsleiing når det sto ni minutt igjen på klokka. Då var stillinga 21-18 til Hødd.

Langevåg var på god veg til å spise opp denne leiinga, då dei på nytt fikk ein to-minuttar, og på stillinga 21-20, satte Hødd inn det siste giret. 21-20, blei til 24-21, og Hødd-damene kunne juble for sin tredje strake siger.

Ikkje heilt nøgd

Hødd-trenar Tim Ole Bøhm var nøgd med resultatet, men ikkje kampen under eitt.

- Det var ein vanskelig kamp i dag, men eg synest vi gjer for mange feil. Vi spelar for mykje ein mot ein, og det er dårleg flyt i angrepspelet.

Når det gjeld det gule kortet flirar han og forklarer at det er slik som skjer:

- Eg reagerte nok litt for mykje mot ei takling inne i vårt felt. Det er slik som skjer i handball, men heldigvis blei det med det gule kortet.