Sparebanken Møre og Go with the Flø har forlenga samarbeidet og dermed er det duka for mange spennande kunstnarlege overraskingar i året som kjem.

- Sparebanken Møre har hatt eit samarbeid med Go with the Flø over fleire år, og vi ønskjer å fortsetje dette samarbeidet. Vi er opptekne av å gje dei rom til å utvikle seg vidare, det kan vi bidra til både ved å gje økonomisk støtte, men også ved å samarbeide på andre område, fortel banksjef Nina Holm Sundgot i Ulsteinvik.

Grunnlaget for Sparebanken Møre si satsing er eit brennande engasjement for lokalsamfunnet. Kvart år deler banken ut midlar til lag og organisasjonar som jobbar for å skape gode opplevingar og gjere det betre å bu og leve akkurat her. Midlane er ein del av banken sitt overskot. Det er nemleg slik at lokalsamfunnet eig halvparten av Sparebanken Møre sin eigenkapital, og dermed får også lokalsamfunnet sin rettmessige del av utbyttet gjennom tildelingar til gode prosjekt. Og i dag er det Go with the Flø som får nytte godt av denne avkastninga.

- Vi og Go with the Flø har mange samanfallande interesser når det kjem til å utvikle lokalsamfunnet rundt oss. Sparebanken Møre har også som kjent kultur som eit av dei store satsingsområda våre. Samarbeidet vårt med Go with the Flø fell veldig naturleg inn i denne satsinga, fortel banksjef Melinda Skeide på Hareid.

- Med dette samarbeidet ønskjer vi å vere med på å leggej til rette for at Go with the Flø også i framtida kan ha rom for å kunne hente hit kunstnarar i verdsklasse både frå Noreg og utlandet. Det å få verda hit synest vi er utruleg spennande og samtidig heilt naturleg. Det gjev ein ekstra dimensjon til kunstopplevinga både for dei som er kunstkjennarar og for oss andre som let oss utfordre og begeistre, avsluttar Nina.

- At Sparebanken Møre vel å fornye engasjementet sitt på Flø som generalsponsor, gir det lille bygdegalleriet vårt høvet til å halde fram med å overraske og utfordre sine besøkjande med kunst av høg klasse, seier gallerist Hugo Opdal. - Utan støtte og engasjement frå lokalt næringsliv, kommunar, kunstinteresserte besøkjande og kjøpevillige kundar, hadde verksemda på Flø stoppa opp.

Opdal nyttar difor høvet til å seie tusen takk til alle som har støtta det gale prosjektet hans opp i gjennom åra.

- Sparebanken Møre er vår desidert største sponsor, og med dei på laget, lovar eg mange spennande og utfordrande utstillingar i året som kjem, avsluttar han.