For å vise fram nokre av dei dyktigaste bedriftene i landet arrangerer Norsk Industri og teknologiselskapet Siemens ein landsomfattande konkurranse der dei kårar «Noregs smartaste bedrift».

Kommunikasjonsrådgjevar Kirsti-Ann Johannessen forklarer til Vikebladet Vestposten at smart berre er eit anna ord for å vere konkurransedyktig. Med denne konkurransen vil dei gje norske industri merksemd. Eit viktig mål er at bedriftene kan lære lure grep av kvarandre, anten ein er stor eller liten. Dei vil premiere bedrifter som har auka konkurransekrafta si gjennom smarte tiltak.

– Ein kan vere konkurransedyktig i høgkostlandet Noreg. Det gjeld å tenkje smart, seier Johannessen.

Prisen vart første gong delt ut i fjor, då til Borregaard. Dei tek sikte på at dette blir ei årleg utdeling.

Smarte Kleven

Kleven er ein av 23 vinnarkandidatar. Berre tre av kandidatane får besøk, Kleven er ei av dei.

Kleven byggjer avanserte skreddarsydde offshorefartøy og superyachtar. For å styrke konkurransekrafta si på ein kostnadseffektiv måte, automatiserte og robotiserte dei ein del av byggjeprosessane, noko som førte til at dei kunne hente heim ein større del av byggjeprosessen til Noreg. Det resulterte i høgare kvalitet, inntog i ein ny marknad of dei vann nesten 50 prosent av skipskontraktene som vart utdelt i Noreg i 2014.

Rolls-Royce Marine er også påmeldt til denne konkurransen.

Meir i papiravisa torsdag.