Britt Janne Stokkevåg, som er ansvarleg for transport under Ungdomsmeisterskapen i Ulsteinhallen i helga og som jobbar på Via Egencia, seier til Vikebladet Vestposten at dei førebels ikkje har heilt oversikta over kor mykje stemnet blir råka av flystreiken til Norwegian.

Dei følgjer med på kva som skjer. Frå i dag, onsdag, er alle innanriksflygningar i Noreg, Sverige og Danmark innstilte.

Til helga er det venta opp mot 1500 personar til UM i Ulsteinhallen. Stokkevåg seier at dei ikkje har oversikt over korleis alle reiser, men ho veit at mange grupper kjem med SAS. Elles er det også ein del som reiser med bil eller buss. Men at nokre blir råka, det blir dei nok.

- Me held litt pusten, vedgår Stokkevåg og minner om at Nettbuss har plassgaranti om ein bestiller plass innan tolv timar før bussavgang.

Ungdomsmeisterskapen startar fredag klokka 15.00. Mange reiser alt torsdagskvelden, og nokre tek morgonflyet fredag.

- Om Norwegian framleis er i streik fredag morgon, då kan det bli trøbbel, seier Stokkevåg som førebels ikkje har fått avmeldingar på grunn av flystreiken.