Maritimt Forum Nordvest har sendt eit brev til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen. I brevet ber dei Solvik-Olsen om at ferjesambandet Hareid-Sulesund blir omklassifisert til eit riksvegsamband og at det dermed blir staten, og ikkje fylkeskommunen, som får ansvaret for kostnadene. Brevet er underteikna ei rad med næringslivstoppar og næringsforeiningar på Sunnmøre, skriv Sunnmørsposten.

Til Sunnmørsposten seier samferdslesjefen nei til å overta drifta av ferja.

- Det løyser ingen problem, seier han til avisa.

Han argumenterer med at det blir ikkje meir pengar i potten om ein flyttar ansvaret. Om staten tek over drifta av ferja, frå fylket, vil staten ta pengane frå fylket. Det løyser ikkje utfordringane dei har med stadig større kostnader til ferjedrift. Han fortel at dei har sett i gang eit arbeid saman med Vegdirektoratet for å sjå kva dei kan gjere for å få ned prisane.

- Som venta

Hareidsordførar Anders Riise kommenterer til Vikebladet Vestposten at svaret frå Solvik-Olsen var som venta. Dette må kome som ei endring på lenger sikt.

- Svaret peikar på at fylket må vere sitt ansvar bevisst og ordne dette innafor eiga ramme, kommenterer Riise.

Anders Riise seier at svaret frå samferdsleministeren var som venta. Foto: Anne Gry Eilertsen