Torsdagskvelden fekk Ulstein Ungdomsråd presentere seg og snakke om kva dei er opptekne av på kommunestyremøtet i Ulstein.

På spørsmål om det er noko dei saknar, nemnde ungdomane eit betre busstilbod. Tomas Håndlykken tok til orde for at kommunen bør styrke skulehelsetilbodet. Det bør vere ei helsesøster i ei heil stilling pr. 150 elevar. Dette vil vere eit tiltak som hjelper ungdom som slit, meinte han.

Ei helsesøster bør vere der heile tida, ikkje berre ein kort periode ein gong i veka.