Dei sju bruprosjekta på ferjefri E39 skulle etter planen koste 150 milliardar kroner. No er prislappen opp i 268 milliardar.

Det er både prisveksten på anleggsarbeidet og usikre brukalkylar som gjer at ferjefri E39 blir langt dyrare enn Vegvesenet først hadde rekna med, skriv NRK.

Alle dei politiske partia, med unntak av SV og Miljøpartiet Dei Grøne, har støtta prosjektet som skulle vere klart innan 20 år. Men dei nye tala frå Statens vegvesen viser at vegen kan kome til å koste 268 milliardar før han står ferdig om 18 år.

- Eg må tilstå at eg sette kaffien i halsen

Dersom ein skal halde seg til tidsskjemaet, må det kvart år løyvast nær 15 milliardar til bruer og tunnelar på Vestlandet, skriv NRK.

Meiner Hafast vil koste 38 mrd.