Brann-trenar Norling tok sin del av skulda for at Brann tapte heile 3-0 for Hødd i går.

- Eg kan konstatere at vi ikkje kjem i gang verken taktisk eller duellmessig. Vi var rett og slett ikkje på ifrå oppvarming til slutt, og resultatet viser dette, sa Norling etter kampen.

- Det taktiske fikk eg ikkje til - og dette må eg nok sjå på no, for kampane kjem tett framover, sa svensken, som for knapt eit år sidan tok sikte på seriegull i Tippeligaen.

Hødd-kompleks

Sist gong Brann gjesta Høddvoll vart dei sendt heim med 3-1 i kofferten. Årsaka til tapet denne gongen låg i førebuinga, meinte Brann-trenaren.

- Det eg har gjort for å forberede spelarane held ikkje mål i dag. Den passiviteten vi viser, får eg ta på meg, sar Norling.

Huseklepp skuffa

Også tidlegare landslagsspelar Erik Huseklepp var alt anna enn nøgd etter Brann sin prestasjon.

- Vi var ikkje på i dag og vi tapte for mange duellar og andreballar til å vinne denne kampen, sa 30-åringen.

Men sjølv etter ein skuffande prestasjon mot Hødd har ikkje Brann-profilen med 35 landskampar mista trua på opprykk:

- Vi tenkjer ikkje på kva og om, vi skal berre gjere alt vi kan for å rykke opp, sa bergensaren, som tidlegare har vore utanlandsproff i både The Championship og Serie A (Italia).

Etter den tredje serierunda ligg Hødd på tredjeplass medan Brann har inntatt plass nummer åtte. For å gjere vondt endå verre for Brann-fansen er det ingen ringare enn veslebror Åsane som toppar tabellen, enn så lenge.