Vêrstasjonen på Linge i Valldal kom ut med ein middeltemperatur på + 13,0 grader. Det er 1,3 grad under normalen der inne. Middeltemperaturen i Tafjord var på + 12,8 grader, som er 1,1 grad under  normalen.

I ytre strok var middeltemperaturen meir normal. Svinøy fyr målte + 12,2 grader, som er 0,3 grader over normalen. Fiskåbygd kom ut likt med normalen (+ 13,0 grader), medan Ørsta/Volda lufthamn målte + 12,8 grader, som er 0,6 grader under normalen.

Ei samanlikning med den sure sommaren i 1979 viser at dei tre forsommar-månadene mai, juni og juli 2015 har vore tilsaman 0,5 grader kaldare. Middel maksimumstemperatur på Svinøya desse tre  månadene i 1979 var høvevis + 8,6 - + 12,4 og + 13,2. I 2015 var tilsvarande temperatur + 9,1 - + 10,8 og + 13,8.

Det gir 1979-forsommaren tilsaman 34,2 plussgrader, medan 2015-forsommaren kom ut med + 33,7.

Middel maksimumstemperatur på Svinøya for månadene mai, juni og juli i fjor (2014) var på + 10,4 - + 13,1 og + 18,1. Tilsaman + 41,6 grader, som er 7,9 grader meir enn i år. Som vi ser var juli spesielt varm i fjor, heile 4,3 grader varmare enn juli 2015.

Det får vere ei trøyst at ettersommar-månadene august og september ofte kan vere varme her på Sunnmørskysten.