Stemninga ved Studio Hugo Opdal er hektisk før utstillinga opnar søndag. Mykje skal på plass, og mange av bileta til Pushwagner stod framleis hulter til bulter då Vikebladet Vestposten var innom.

Men Hugo Opdal og manager Audun Hopland meiner dei likevel har kontroll. Dei har i alle fall sikra seg køyretøy til å frakte Pushwagner frå Vigra til Flø med. Den laaange, rosa limousinen til Moods of Norway står alt parkert utanfor studioet på Flø. Pushwagner skal kome standsmessig til bygda.

Bada seg sjuk sist

Sist kunstnaren var på Flø laga han stor ståhei, og det enda med alvorleg lungebetennelse etter eit havbad på Flø.

– Vi håper han ikkje har tenkt å bade denne gongen, kommenterer Audun Hopland.

Salsrekordar på Austlandet

Hariton Pushwagner fyller 75 år i desse dagar, og han feirar jubileet med ei rekke større utstillingar. Under ei utstilling i Sarpsborg selde han for 6,2 millionar kroner på ei dryg veke.

– Det er heilt ekstremt. Vi har aldri selt så mykje nokon gong, uttaler dagleg leiar Ole Dørje ved galleriet Soli Brug til avisa Dagens Næringsliv.

Torsdag i denne veka opna han ei omfattande utstilling på Galleri Fine art på Tjuvholmen i Oslo, og til denne utstillinga var det over 8000 førehandspåmelde.

Stor spennvidde i pris

Sparebanken Møre i Hareid og Ulstein er med på å sponse Studio Hugo Opdal si Pushwagner-utstilling, og studioeigar Hugo Opdal seier dei ikkje hadde klart å få til denne utstillinga utan støtta frå Sparebanken Møre.

– Vi synest det er kjekt at vi kan bidra til at folk ute i distriktet også kan få sjå bileta til Pushwagner, kommenterer banksjefane Nina Holm Sundgot og Melinda Skeide.

Audun Hopland understrekar at det er stor spennvidde i prisane på bileta. Frå signerte trykk til 5000 kroner og opp til handkolorerte trykk til 180.000 kroner. Plakatar, spesiallaga til utstillinga på Flø, har ein prislapp dei fleste av oss kan klare å løyse ut.

– Vi gler oss til søndag. Dette kjem til å bli stort, seier Opdal og Hopland.

Pushwagner var raus med damene førre gong han var på Flø. Her er det Bjørg Moldskred som får klem. Arkiv