"Toyota´n til Magdi" har blitt ein av Karpe Diem sine populære låtar. No vonar Fosnavåg-verksemda SEVI at den ekte toyotaen til Magdi vil skaffe pengar til gode formål i mange år framover.

SEVI fekk nemleg tilslaget då artisten Magdi frå gruppa Karpe Diem auksjonerte bort toyotaen sin i samband med TV-aksjonen i fjor. Inntektene frå denne aksjonen gjekk til Amnesty International.

No gir dei bilen, ein Toyota Corolla 97-modell, vidare til årets TV-aksjon. Inntektene frå årets aksjon går til  Nasjonalforeningen for folkehelse sitt arbeid med demens. Aksjonsdagen er 20. oktober.

- Det har vore viktig for oss å behalde bilen så original som muleg og har sørga for at bilen er EU-godkjend og i god bruksstand, fortel dagleg leiar i SEVI, Roger Kaldhol.

Kaldhol fortel at bilen nettopp har vore på besøk på Jugendfestivalen i Ålesund for å møte sin tidlegare eigar, Magdi, noko som skapte stor gjensynsglede.

- Ønsket vårt har vore å gi bilen vidare til veldedige formål. Difor har vi bestemt oss for å gi bilen tilbake til TV-aksjonen slik at «toyota'n til Magdi» på nytt kan auksjonerast vekk og gi inntekter til eit godt føremål. Kanskje kan den nye eigaren også gi bilen vidare til den neste tv-aksjonen, vonar Kaldhol.

Sjå Karpe Diem sin musikkvideo her