Bjarne Brøndbo er ein artist med eit stort repertoar. Sjølv om han først og fremst er kjend som songar i DDE og forførar på scena, har han fleire strenger å spele på.

Som skodespelar medverka han til at Trøndelag Teater fekk tidenes suksess med framsyninga “Purpur og gull”. Og med plateutgjevinga“Salmer på ville vegar” viste Bjarne Brøndbo at han er i stand til å vekke kjensler hos publikum og nå ut til hjarta deira. Albumet fekk strålande mottaking av presse og publikum. Det same gjorde kyrkjeturneane i etterkant.

Kjem til Ørsta

Sundag 11. oktober kjem Bjarne Brøndbo til Ørsta Kulturhus. I Ørsta skal  publikum få møte Bjarne Brøndbo i konsertframsyninga ”Ingen mjuke fiolina”. Det er ei framsyning med song og verbale krumspring. Her skal Kjærleiken – kvardagskjærleiken, og mannen si rolle i denne presenterast med sårt og ærleg i skjemt og alvor.

Med lune kommentarar, betraktningar og små anekdotar om tekstane og historiene bak, skal publikum få ein heilstøypt kveld.

Det finst nokre songar i den norske songboka som har slått rot i den norske folkesjela. Songar som har vakse ut av den samanhengen dei opphavleg var skrivne i og inn i hovud og hjarte til folk i alle leirar. Nokre av desse skal Bjarne presentere i denne nære og intime einmannsframsyninga.

Han syng som mellom anna ”Vinsjan På Kaia”, ”Du E Nydelig” og dessutan tolkingar av nestensalmar som mellom anna ”Jørgen Hattemaker” og ”Va Det Du Jesus”. Og kanskje vert det også tid til allsong..?