– Det er veldig viktig å støtte det lokale. Hareidsstemna representerer mange ulike kulturar som er viktig for samfunnet. Programmet har eit breitt spekter av tilbod, det er viktig og skaper trivsel, seier Camilla Myrene i Hareid Group, som er ein av hovudsponsorane.

– Ja, Sparebanken Møre støttar tiltak som gjer det godt å bu i Hareid. Og aukar attraktiviteten, føyer Melinda Skeide i Sparebanken Møre til, som også er ein av hovudsponsorane.

– Og me vil støtte lokale talent, legg Lars Skaar i Jets til, som også er hovudsponsor.

– I desse tider var me litt redde for at det ville bli tynt med sponsorkroner, men det har berre vore ein liten nedgang i inntekter til Hareidsstemna. Nesten alle som var med i fjor er med i år, fortel stemneleiar Hans Otto Øvrelid.

– Eit lite flaggskip

– For kommunen er Hareidsstemna eit lite flaggskip. Det skjer mykje året rundt, men det skjer ekstra mykje desse dagane. Kommunen har vore med i over femti år. Det er viktig å ha ein festival som byggjer opp under dei lokale, samstundes som ein får impulsar utanfrå. Hareidsstemna står nettopp i dette spennet mellom det heilt lokale til det internasjonale, seier Oddbjørn Grimstad frå Hareid kommune, som er den fjerde hovudsponsoren.

Torsdag 15. oktober kjem The King`s Singers til Hareidshallen. Dei er etterspurde etter heile verda og held kvart år over 120 konsertar. Denne sesongen er dei innom både Amerika, Asia, Australia og Europa på turneen sin.

Ein arena for ungdom

Grimstad er glad for at dei unge har fått ein arena og får vere med på Hareidsstemna, både gjennom musikk og kunst.

– Det kan ikkje vere slik at me eldre dreg opp stigen etter oss, slår han fast.

Skeide minner om at arrangementet på Ungdomsklubben på Bigset i fjor vart ein suksess, det blir det nok i år også. Det blir ungdomskveld i Bigset Kulturoase fredag 16. oktober. Der blir det underhaldning, filmframsyning, bordtennis, biljard, dart, diskotek og kafe.