Den norske storfilmen «Bølgen» har til no blitt sett av heile 4000 personar på Sjøborg kino. Heile 50 % av kommunen sine 8000 innbyggjarar har dermed sett filmen.

Det gjer den til den mest sette på kino i Ulstein gjennom alle tider.

I tillegg har den spelt inn nærmare 422.000 kroner i billettinntekter.  I gjennomsnitt har Sjøborg hatt 101 publikummarar på kvar framsyning.

- Sjølv om Sjøborg kino har vist filmen i over seks veker no, så kjører vi framleis nokre framsyningar ut månaden og den har eit bra besøk, fortel kinosjef Kristine Brungot.

På landsbasis har Bølgen i disse dager passert eit besøk på imponerande 734.675, og ein omsetnad på fantastiske kr. 79.388.799 så langt!Og med eit budsjett på 49 mill., så blir dette en kjempesuksess for filmselskapet Fantefilm.

Med Bølgen som bakteppe, har sjølvsagt september blitt ein svært god kinomånad, samanlikna med tilsvarande månad i fjor.

Fleire godbitar på veg

James Bond Spectre, Julekongen Full rustning, Doktor Proktors Tidsbadekar, Star Wars: The Force Awakness og Solan og Ludvig: Herfra til Flåklypa er berre nokre av filmane vi kan glede oss til utover hausten og vinteren.

Alt tyder no på at 2015 blir tidenes beste kino-år i Ulstein.