Justin Bieber flaug over Sunnmøre

Kan ha sett lysa frå Hareid på veg heim

Då den kanadiske popstjerna Justin Bieber reiste heim frå hovudstaden seint i går kveld, la  jetflyet hans vegen over Sunnmøre. Det går fram på nettstaden Flightradar24 . I følgje denne nett-tenesta, som gir deg høve til å følgje med på all flytrafikk verda over, la piloten kursen over Sunnmørsalpane og Ålesund før ferda gjekk vidare ut i Norskehavet.

Det er uvisst om Justin Bieber såg ut gjennom vindauget då han passerte Sunnmøre i ei høgde på 40.000 fot, men han hadde i alle fall høve til å sjå lysa frå Hareid dersom skydekket ikkje var alt for tett.

Justin Bieber gjekk av scenen etter konserten for utvalde fans på Chateau Neuf i Oslo i går etter å ha spelt berre ein låt. Årsaka til dette skal ha vore at nærgåande fans ved scenekanten nekta å gi slepp på idolet sine bein.

Sunnmørsposten har meir om dette.

Over Sunnmøre Popstjerna Justin Bieber sitt jetfly flaug over Sunnmøre sint torsdag kveld.
(Foto: Wikimedia Commons)

Over Sunnmøre Popstjerna Justin Bieber sitt jetfly flaug over Sunnmøre sint torsdag kveld. Foto: Wikimedia Commons

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Møtast for fyrste gong sidan 2010 (biletet). Kampstart klokka 15:00:

Hødd - Byåsen LIVE

- Det viktigaste målet i norskfaget er å bygge karakter. Les kommentaren:

Bygge karakter

Laurdagspraten med Oddbjørn Grimstad:

Oddbjørn ryddar seg ut av kontoret

Hødd-juniorane ute av cupen etter straffekonk mot Molde:

- Veldig surt

Reisa til verdseliten i friidrett byrja nok så tilfeldig:

Slik blei Karsten best

Hareid sikra seg tre viktige poeng:

Tok tre poeng mot Rollon

Vann på 400 meter hekk i lag-EM i Finland:

Karsten utklassa verdseliten - igjen