Vil du bli med 10 år gamle Dagny på jakt etter skrinet til ein motstandsmann frå andre verdskrigen? Det får du på Ulstein bibliotek.

Komande laurdag arrangerer biblioteket lesestund med Ingunn Røyset. Ho les frå den nyaste boka si: Aldri fred å få.  Lesestunda passar for barn frå skulealder og oppover til 110 år.

Aldri fred å få er framhald av det Samlaget kallar «barneboksukessen»  Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen. Boka om jenta som har ete for mykje sjokoladepålegg og reiser 70 år tilbake i tid til den gongen mormora hennar var lita, kom først ut i fjor haust. Andre opplag er alt utseldt frå forlaget og Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen kjem ut som pocket før jul.

Trass i stor mangel på sjokolade, kjem Dagny etter mange spennande opplevingar i eit okkupert Noreg, heim til notida igjen i den første boka.

I Aldri fred å få er tiåringen igjen ute på nye eventyr  i fortid og notid. Denne gongen er det erfaringane frå gamle dagar som blir til hjelp når ho leitar etter det ho trur er ein gullskatt. Dagny må ha hjelp også frå notida for å finne ut kva som eigentleg er i det hemmelege skrinet.

Barneromanane er retta mot jenter og gutar i alderen 8-12 år, men forfattaren av boka har reist rundt både på skular og sjukeheimar og lese frå bøkene om Dagny.

— Den eldste publikummaren min har vore 103 år, men eg rundar litt oppover når biblioteket skal invitere til lesestund på biblioteket. 110 år er alderen på oldeforeldra til Dagny i boka, om dei hadde levd i dag og kunna fortalt om korleis det var å leve for over 70 år sidan, seier Ingunn Røyset.

Aldri fred å få og Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen formidlar norsk krigshistorie til ein ny generasjon. Bøkene er bygd på  verkelege hendingar. Ingunn Røyset understrekar at boka også er ei humoristisk samanlikning av notid og fortid, med eit bittelite spark til notidsungar, som kanskje er flinkare med telefonane sine enn til å ro.

— Bøkene handlar ikkje berre om krigen.  Eg prøver å skildre forholdet mellom vaksne og barn og forholdet barn i mellom. Dei handlar rett og slett om kor vanskeleg det er å halde fred med kvarandre også sånn til kvardags.