Det vart uvane omgjevnadar for den britiske songaren Paul Potts, då han laurdag vakna til eit snøkvitt Ulsteinvik. Laurdag kveld spelar Potts på Sjøborg.

– Vi får ikkje så mykje snø i Storbritannia, og når vi får snø så veit vi ikkje kva vi skal gjere med den, ler Potts. Han blei likevel ikkje heilt overraska over snøfallet, sidan han hadde sjekka vêrmeldinga for Ulsteinvik før ankomst.

– Der borte må vi endre songen "White Christmas" til "Wet Christmas", skjemtar Potts.

Potts har vore i Norge fleire gongar tidlegare, men mannen med den fantastiske stemma fortel at Ulsteinvik er det nordlegaste han har vore. Denne gongen er det også berre Ulsteinvik som får besøk av Potts her i landet. Den siste halvanna månaden har han turnert på ei rekkje stadar i Storbritannia og i Danmark.

– Vi har gjort 36 konsertar på dei siste seks vekene, så programmet har vore temmeleg hektisk, men det er berre kjekt, fortel han.

Bryt grenser mellom sjangerane

I 2014 gav Potts ut plata ”Home”, der han gjer sin vri på alt frå Guns’n’Roses og Eagles, til meir vane operasongar.

– Eg har alltid følt at musikk ikkje handlar om kva sjanger det kjem frå, men heller kva kjensler den fører med seg, kva som treff deg. Eg ville utfordre grensene, og derfor er det ikkje eit album der eg syng rock. Det ville berre forsterke grensene. I staden ville eg bryte dei ned. Eg har jo mellom anna ein versjon av November Rain, men også meir tradisjonelle stykke frå opera, som til dømes ”Non Ti Scordar Di Me”. Eg syng dei med mi stemme. Saman med produsenten min gjekk vi gjennom songane og såg på korleis vi kunne gjere det.

Potts fortel at dei mellom anna kom fram til at for å bevare nok autentisitet, følte dei at den lengste soloen på November Rain måtte vere med.

– Det må vere ei ærleg framføring. Ein kan ikkje berre gjere ein overdriven operaversjon av songane, det må fungere med songane også. Og det var noko vi brukte ganske mykje tid på før vi kom fram til ei liste som fungerte.

Fantastisk å kunne leve av musikken

Paul Potts vart for alvor kjent gjennom talentkonkurransen ”Britain’s got Talent” då han vann den første sesongen tilbake i 2007.

– Eg har alltid gjort mitt beste for å ta kvar steg etter kvart som dei kjem, ta ein dag om gangen, og det er noko eg kjem til å halde fram med. Eg er veldig takksam for at eg framleis kan drive med noko eg elskar å gjere. Hadde nokon sagt for ni år sidan at eg skulle få oppleve så mykje, så hadde eg fortalt dei at dei var galne. Det er fantastisk å kunne drive på med musikk på denne måten og å framleis kunne nyte det så mykje som eg gjer.

Ville du vore involvert i musikken, også utan ”Britan’s got Talent”?

- Berre på soverommet, ler Potts.

Publikum på Sjøborg kan laurdag sjå fram til ein konsert der Potts tek føre seg ei god blanding av songar frå dei fire albuma han har gitt ut.

– Jo meir eg spelar inn, jo verre blir det å sette saman ei speleliste til konsertane, men du må kutte ut nokre ting, elles blir folk sittande her heile kvelden, og det er ikkje sikkert at det er positivt, smiler Potts.

Vil oppleve meir enn berre konsertsalar og flyplassar

I snøvêret i morgontimane var det ikkje så lett å sjå så mykje av Ulsteinvik frå hotellet.

– Vi fekk sjå litt då vi kom hit med båten frå flyplassen, men ikkje så mykje endå, seier Potts. Det får han likevel sjansen til før konserten på Sjøborg laurdag kveld, for i løpet av dagen skal Potts og følgjet både ein tur til Flø og til Brandal for litt ishavshistorie.

Potts fortel at det å kome seg litt ut for å sjå nye stadar er noko han set pris på når han reiser. Gjerne med kamera i handa.

– Eg likar veldig godt å fotografere. Dersom ein let det bli slik, så kan turnélivet bli berre hotell, flyplassar og konsertsalar. Du må prøve å kome deg ut litt meir, for du veit aldri om du kjem tilbake til ein stad. Det må ein aldri ta for gitt, seier Potts.