Ingunn Røyset frå Hjørungavåg, busett på Flø, er denne hausten ute med den frittståande oppfølgjaren av barneboksuksessen "Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen".

Dagny har blitt storesøster. I tillegg har ho krigen å kave med. Vår tids Dagny er tilbake i 2. verdskrigen og møter igjen Belinda og Kalla. Det er fint, hadde det ikkje vore for at Kalla har planar om å gjere slutt på krigen heilt på eiga hand. Det er mykje spennande ein kan finne i fjøra, men Dagny treng hjelp både frå notid og fortid skal ho finne skattekista hans Ammen. Og når som helst kan det smelle.

Sundag er det bokkafé i Aasen-tunet i samarbeid med Ørsta mållag. Dit kjem Røyset og forfattar og NRK-journalist Harald Thingnes. Han vil presentere og signere boka si "Den fyrste skituren". Denne boka handlar om kva som vekte skigleda hos våre fremste vinteridrettsutøvarar. Også dei har vore mørkredde, hamna sist på resultatlista, slite med for lange stavar og store parkdressar. Likevel voks det fram ein livslang kjærleiken til ski og snø. Skistjernene vil motivere deg og borna dine til gode skiopplevingar. Om du vil bli like god eller berre treng inspirasjon til å koma deg ut, kan "Den første skituren" hjelpe deg på veg.

Joakim Hunnes frå Vartdal vil vere der med novellesamlinga si "Bøen"

Denne sundagen blir det også opning av julehefteutstilling og open julebutikk.