Julemarknaden som etter planen skulle haldast på Kulturalmenningen i Ulsteinvik laurdag, er flytta inn under tak. Årsaka til dette er det dårlege veret som herjar i distriktet no, med store nedbørsmengder og vind.

– Det ville ikkje vere noko særleg å stå ute og vere redde for at teltduken skal blåse sin veg, seier Lisa Mari Breivik Andersson som representerer Bondens Marknad.

Difor har dei bestemt seg for å flytte heile marknaden under tak, nærare bestemt til lokala til bokhandel AJ Eiken sine tidlegare lokale.

I tillegg til matvarer vert det også selt ulike husflids- og handtverksprodukt  i samband med maknaden og dessutan vil ei elevverksemd frå Ulstein vidaregåande skule ha stand.

YR lovar eit temmeleg ufyseleg vér heile helga, med kuling og regnbyger. Det ser heller ikkje ut til at véret vil betre seg noko særleg ved inngangen til komande veke.